|
Ved Valdres
Folkedraktsaum kan me tilby fleire typar bunader frå Valdres. Gunhild
Nørsterud syr bunader for karane. I utvalet av bunader har me Stutt-trøye
med ruta vest, Blå-trøye frå øvre Valdres og Sjarte-trøye
frå nedre Valdres. Trykk på lenkene og bileta for å lære meir om dei
forskjellige. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på! |
||||
![]() ![]() |
Jakka
er i svart vadmel med svarte eller brune fløyelskantingar. Buksa
er i svart vadmel. Knebukse
eller langbukse. Vesten
er i rutastoff, funne på forskjellige stader i Valdres. Sko
- me anbefalar Braatens
bunadsko. Sokkane
er strikka i ubleika garn etter gamal modell.
Til langbukse brukast vanlige svarte sokker.
Sokkeband
høyrer med til knebuksa. Hovudplagg
- Køllelue eller rundpulla
hatt Skjorta
bør være i bomull utan broderte linningar. Knappar
i messing, tinn eller sølv.
|
|
||
![]() ![]() ![]() |
Jakka
er i mørke blå vadmel med svarte fløyelskantingar. Buksa
- knebuksa er i svart vadmel.
Langbuksa er i mørkeblå vadmel som jakka.
Kan
også bruke skinnbukse. Vesten
er einsfarga
raud eller grøn klede, eller hullbragdstoff vevd i stripe-effekt. Sko
- me anbefalar Braatens bunadsko. Sokkane
er strikka
i ubleika eller blått ullgarn etter gamal modell. Sokkeband
høyrer med til knebuksa. Hovudplagg
- Køllelue eller pottehatt. Silketørkle
i halsen kan ein ha. Skjorta bør være i ubleika lin med broderte linningar. Knappar
i messing.
|
|
||
![]()
|
Jakka
er i mørk brun vadmel med svarte fløyelskantingar. Buksa
- knebukse i mørk brun vadmel.
Kan også bruke skinnbukse. Vesten
er i orange-raud brosjert kalemank. Sko
- me anbefalar Braatens bunadsko. Sokkane
er strikka
i ubleika ullgarn etter gamal modell. Sokkeband
høyrer med til knebuksa. Hovudplagg
- Køllelue eller pottehatt Silketørkle
i halsen kan ein ha. Skjorta
bør væra i ubleika lin med broderte linningar. Knappar i messing.
|
![]() |
||
|
|
||||