Damebunader frå Valdres 




Dåpslue etter gamal modell frå Øystre Slidre.

Ved Valdres Folkedraktsaum kan me tilby fleire typar bunader frå Valdres. Grethe Rudi Bråten syr damebunadane i saman med gode hjelparar. I utvalet av bunader har me bringedukdrakt frå øvre Valdres, kvardagsdrakt frå øvre Valdres, rutastakk med trøye, og sjarteliv med stakk frå nedre Valdres. 
Sylv til draktene kan variere.  Ein halsring og ei sølje på bringa er nok, i tillegg mansjettknappar. Vi monterer og dei to broderte Valdresbunadane.
Trykk på lenkjene og bileta for å lære meir om dei forskjellige bunadene. Ta kontakt dersom du har spørsmål!

                                          Bringedukdrakt frå Øvre Valdres





skann0014.jpg (30482 byte)



Drakttradisjon i empire snitt frå fyrst på 1800-talet, rekonstruert av Magny Karlberg ved Bunad- og Folkedraktrådet på grunnlag av gamle drakter og drakt deler frå Vang, Øystre og Vestre Slidre.

Livet kan vera raudt, blått, grønt, gult eller stripa i silke, ull eller ull/lin. Fløyel eller silke kantingar. I tillegg kan det vera metall lisse eller band.

Stakken er av 2-skafta ulltøy, svart eller mørkeblå med linskodning og slitenor nede.

Bringeduken har om lag 40 variantar, til dømes ullbroderi i tellesaum på ubleika lin eller 2-skafta raudt ulltøy, fløyel med band, perler og band, perler/applikasjon o.s.v.

Forkleet kan vera blått eller svart handvovi ulltøy med striper opp ned, eller trykt bomull med blomster på lys botn i mange variantar.

Beltet kan vera perlebandel på raud ullbotn, ullbroderi i tellesaum på ubleika lin eller 2-skafta raudt ulltøy, eller stølabelte i messing på raud ullbotn.

Skjorte i lin, ubleika eller kvit med linningar i tellesaum.

Sko – vi sel Bråten bunadsko, samt blåe eller svarte sokkar.

Gift og ugift har ulik hovudbunad, rull med rullehette til gift og jenteoppbinding til ugift.  I tillegg brukar båe stort silketørkle på hovudet og eit mindre i halsen.

Ein kan bruke raud foldetrøye med grøne kantingar, bringesylv og belte til drakta.

Det er og rekonstruert ei bruredrakt med brurerull, herasylv og stølabelte i sylv.  Drakta har raud stakk.

< Til topp av sida


 










                                          Kvardagsdrakt frå Øvre Valdres







Etter Flintoe's draktakvarellar frå fyrst på 1800-talet.

Drakta vert sydd i blått eller blågrønt einsfarga ulltøy.  Den har empiresnitt og klaff over bringa med 4 knappar.

Grøn rukketrøye i klede kan brukast til drakta.

Flintoe har måla blå vadmelslue til gifte.

Enkel linskjorte.




< Til topp av sida





nykvardagsstakk.jpg (268904 byte)

                                      Rutastakk med trøye


rutastakk.jpg (361202 byte)


skann0003.jpg (104445 byte)



Understakk sydd i bomull etter gamal modell.


Drakttradisjon frå midten av 1800 talet.  Drakta har trekk frå nyrokkokko epoken, som til dømes med smal rygg, mykje utringa og tittekant i livet.  Tøyet er ruta i fleire farger, vovi i heil ull, og finst i om lag 15 variantar.  Snittet kan variere frå bygd til bygd.  Gamle foto viser livkjole med svart trøye til.  Trøya har perlebelte eller stølabelte og silketørkle i kryss over bringa festa i beltet.

Forkleet kan vera i ull/bomull, ull/silke eller andre variantar.

Skjorte i bomull utan broderi.

Silkelue, brodert fløyelslue og limpeplagg høyrer til.

Sko – vi sel Bråten bunadsko, og svarte sokkar.

Ruta kjolar vart og bruka, truleg noko seinare.




                 

< Til topp av sida








                                      Sjarteliv med stakk frå nedre Valdres.




sjarteliv fra siden.jpg (108308 byte)

gamaltsjarteliv.jpg (263101 byte)


Drakttradisjon frå fyrst på 1800 talet.  Grunnlag for denne drakta er 6 gamle liv i empire snitt.

Frå høg livlinje sit det ei foldelagd kappe om lag 25cm lang.  5 av liva er sydd i kallemank (ulldamask) med brosjerte roser.  Snittet kan variere, farge kan vera raud/orange eller blå/grøn.

Stakkane som er bevara er raude, dei har vori brudestakkar.  Me syr no stakkar i mørk blått eller svart ulltøy, dei har linning i livet og heng på selar.

Forkle i lys bomull med brunt trykk.

Kjakalue i silkedamask med brosjeringar eller brodert fløyelslue høyrer til.

Kvit linskjorte med kvitt broderi.

Svarte sko og sokkar.

< Til topp av sida


 


nyttsjarteliv.jpg (331827 byte)

sjarteliv.jpg (236551 byte)

gamaltsjarteliv2.jpg (368419 byte)


© 2004